- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
40

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

men på foredragsmøta var det alltid mykje folk.
På Vigmark varde slike møte upp til 14 dagar,
so det var eit slag folkehøgskule det og. Når
Arvesen og Ullmann skulde halda foredrag,
reiste folk lange vegar for å høyra dei.

Arvesens pinsemøte i Seljord førde til at han
reiste dit og heldt folkehøgskule vinteren 1878—
79 (1. novbr. 78 til 8. april 79). Han leigde hus
til seg og skulen på garden B jørge, som ligg lognt
til under Lifjell på nordvestsida av
Seljordvat-net.

På Bjørge hadde Arvesen tvo store salar og 80
elevar den vinteren. Medlærar var Oddmund Vik
frå Hardanger (seinare stortingsmann, statsråd
og fylkesmann) og nordlendingen P. Pedersen.

Telemarkingane er uppvakte, livlege folk med
stor vitelyst og sans for poesi.

Dette var noko for Arvesen, som var van med
dei meir tungføre heidmarkingane, og gjorde
telemarksåret til «det mest fornøielige skoleår jeg
har oplevet».

Folkehøgskulen kom med mykje nytt og vart
til åndeleg frigjering for mange frå myrk, trong
pietisme, men førde og til ein uhyggjeleg strid.
Den naturlege samanhengen millom det
kristelege og det menneskelege etter
folkehøgskule-synet var hovudspursmålet.

På Hamar hadde Arvesen og Anker so ofte
havt strid um teologiske og pedagogiske
spurs-mål, mest med lærarane ved det nye seminaret.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free