- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
41

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men dette hadde gått meir fredeleg til enn det
Arvesen kom upp i, då han var i Telemark.

Sundag etter nyår, 5. jan. 1879 preika han i
hovudkyrkja i Seljord og tala um tru, von og
kjærleik. Ikkje eit menneske er so
grunnfor-derva at det ikkje har noko av dette. Det finst
botevon for alle; for alle menneske har noko av
gudsbiletet i seg.

Presten Th. Fr. Barth var ikkje i kyrkja, men
tvillingbroren hans, Aug. Barth, fut i Øvre
Telemark, ein endå meir trong pietist enn presten,
høyrde på og vart forferd. Dette var
Grundt-vigs kjetteri, som ein måtte vera på vakt mot.
Den rette kristendomen lærer at gudsbiletet er
tapt ved syndefallet.

Arvesen vart etter dette nekta både kyrkja og
skulehuset i Flatdal til å tala i. Bygdefolket
fann ingen vranglærdom i det han tala og var
glad i Arvesen. Det vart då halde eit stort
folkemøte på Bjørge. iKring 500 var møtt fram.
Presten skulde forsvara seg, men det gjekk dårleg
for honom, tykte dei. Det vart skrive eit
protest-skriv, og 400 vaksne seljordingar — millom desse
alle medhjelparane og heile heradstyret — skreiv
under. Men det hjelpte ikkje; presten nekta
framleis kyrkja, og han tok no til å reisa
kring-um og halde religiøse møte og beda folk um å
akta seg for den fårlege skulen på Bjørge.

På ekte telemarksvis vart det dikta um det dei
var upptekne av, skjemtevers og ålvorsame dikt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free