- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
44

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dei hadde til stilrettingar. Alle som har arbeidt
i folkehøgskulen, veit at elevane i den fyrste tida
er svært høgtidsame i stilane, ofte bombastiske
og har mykje etterlikning. Dei evnerikaste, dei
som vert dei beste til å skriva for seg seinare, er
ofte dei verste i den leida. Arvesen kritisera alt
som var uppskruva, unaturleg. Dei beste stilane
fekk mest kritikk. Det undra elevane seg over,
men berre fyrst i skuleåret. Dei skyna snart at
det var eit godt merke på ein stil, at Arvesen
tok fat på han. Var det ein som det ikkje var
noko ved, retta han berre formfeil og gav han
frå seg att utan å segja noko større.

Som bondegut kjende han so godt til kor lite
dei fleste 17—18-åringane har lese, kor få
forestel-lingar utan um kvardagslivet dei i det heile har
å arbeida med. Han synte stor skynsemd mot
alle desse som soleis hadde vanskeleg for å
grei-da det skriftlege. — Ein som seinare, vart ein
kjend bladstyrar, gjekk på Sagatun. Han
fortalde, at han eingong hadde skrive ein stil som
han var svært redd for. Men Arvesen sa berre:
«Du kan komme til at skrive godt du, når du
bare får noget at skrive om. Dette er ikke rare
greiene, men det skal du ikke være så lei for.»
Dei næraste åra fyre og etter riksretten i 1884
vart det agitera mot folkehøgskulane m. a. med
at dei dreiv so mykje med venstrepolitikk. Verst
skulde det vera på Sagatun. Amtsskulestyret i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free