- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
45

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hedmark fekk melding um at dei måtte passa på
denne skulen. Både i historietimane og i andre
timar «blei det agitert mod unionen med
Sverige», vart det sagt. Arvesen brukte å skriva
stil-uppgåvone upp på veggtavla. — Ein dag i
80-åra gav han denne uppgåva: «Hvad opnåes ved
unionen med Sverige?» — Dagen etter retta han
det til: «Hvilke fordele opnåes ved unionen med
Sverige?» — Ein elev (ein gudbrandsdøl) hadde
brukt den fyrste forma og i stilen berre skrive
til svar: «Forviklinger.» — Arvesen hadde moro
av dette, og synte stilen til Bjørnson, som då var
der. — «Det er en aldeles udmærket besvarelse,»
sa han.

I eit foredrag hadde Arvesen sagt: «En konge
uden folk kan ikke bestå; men et folk uden
konge kan godt bestå, som historien viser os.» —
Dette var f årlege ord i dei dagar; det var då
beint fram å agitera for republikk.
Amtsskule-styret kom til skulen for å kontrollera. Men det
kom ikkje noko ut av den visitasen.

På Sagatun var soga det viktigaste faget. Der
kunde ein få med alt som låg læraren på hjarta,
ikkje minst når det galdt gudelege spursmål.
Dei hadde ikkje fånyttes gått i skule hjå
Grundtvig, som har skrive: «Historien omfatter
menne-skeslegtens merkverdigste ord og gjerninger,
hvori menneskenaturen åbenbarer sig og hvortil
alle videnskabelige fremskridt høre, så at al

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free