- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
46

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

menneskelig videnskab er i grunden historisk.»
Korleis ein skal undervisa i soga, har det vore
og er det endå ulike meiningar um.

Ein metode er: Fortelja eit stykke, gjeva det
i lekse, eksaminera i næste timen, osfr. på same
måten. Ein annan: Fortelja i samanheng heile
timen, halda på med dette i 2—3 viker til ein
kjem til eit tidskifte, stansa der, gjeva det heile
i lekse og eksaminera eller samtala med elevane
um det ein har gått igjenom. Ein tridje: Berre
fortelja, og leggja all si kraft og evne i dette,
kanskje taka ein og annan timen til samtale med
elevane og få desse til å spyrja. Berre å gjeva
lekser og eksaminera er det vel ikkje nokon som
brukar no lenger.

Sume lærarar driv mykje med å diktera
«oversikter og historiske utviklingslinjer» og vil soleis
som Peer Gynt «skumme historiens fløde».

Eit likeso vanskeleg spursmål er kor mykje
ein skal taka med.

Arvesen vilde helst berre fortelja, og brydde
seg mindre um lekser, overhøyring og
eksaminasjon. Han vilde fyrst og fremst vekkja interesse
for soga, gjeva elevane noko å tenkja på og
leggja eit grunnlag som dei kunde byggja framhald
på sjølve.

Chr. Bruun skriv um dette: «Blandt dem som
leder landets skolevesen, lader det til at man
fin-der at de mundtlige foredrag dog ikke rent bør
undværes i en skole for unge bondegutter. Men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free