- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
50

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

på moralske eller religiøse spursmål og den indre
fridomen, det einaste som kan lyfta eit
menne-skje til det høgste og den høgste. Når han kom
litt ut i foredraget, brukte han sume tider å taka
lorgnetten av og leggja han ned på katetret.
Elevane visste då at han hadde noko serleg på
hjarta, og det vart so underleg stilt og høgtidsamt
i salen. Alle hadde kjensla av at det no var
noko høgt og heilagt han hadde å gjeva dei.

Det er ungdom i den vanskelegaste og
fårlega-ste alderen folkehøgskulen får å arbeida med.
Og sidan det vart sams skule for både gutar og
gjenter, har ikkje vanskane vorte mindre. Ofte
er det svært vanskeleg å finna den rette måten
å taka det på. Skal ein gjeva mange eller få
reglar? — kanskje ingen? — I det heile: Kor
streng bør ein vera? Arvesen gav ikkje mange
reglar til dei unge. Det var berre desse tri: Ikkje
drikka, ikkje gå i byen (Hamar) um kveldane,
og ikkje leika kjæraste.

Ein høyrer ikkje um større uppstyr på
folkehøgskulen, korkje då eller seinare. Når ein
ungdom får mykje nytt å tenkja på, held det burte
frå det som er gale. Å vita at styraren når han
vil, kan visa ein elev burt, gjer vel og sitt til at
dei lærer å akta seg.

Eksamen eller noko som likna det, var det
ikkje på Sagatun. Skulen var for livet, og ein
visste at det beste som dei hadde fått, kunde ein
ikkje syna fram på kommando.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free