- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
55

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nu og bli med du også. Det vil du ha godt av,
og de andre likeså, særlig dersom du vil delta i
forhandlingene,» sa Ullmann. «Jeg vil komme
og høre dig. De andre kan det være det samme
med,» svarte han.

Han høyrde på Ullmann, men heller ikkje på
fleire.

Det meste av det han har skrive, finn ein i
«Kristelig Folkeblad», og i «Oplandenes Avis»;
men han skreiv og i ymse andre blad. Songane
har gjort namnet mest kjent, og desse er det vel,
som vil leva lengst etter honom. Mange har
lenge vore kjende og brukte både i barneskulen og
folkehøgskulen.

Dei største bøkene hans er: «Erindringer»
(1912), «Samliv med landskjendte mænd» (1915),
«Vågåpresten, folkeopdrageren Provst Hans
Peter Schnitler Krag og hans samtid» (1916) og
«Erindringer fra min kamptid» (1917). Den siste
fekk han ikkje ferdig. Son hans, advokat
Wilhelm Arvesen, gav ut det som var reinskrive. —
Han døydde på Ny-Sagatun, 1. juli 1917.

I sitt lange liv arbeidde han for mange saker.
Det gjekk ikkje alltid so lett som han hadde
tenkt seg. Men han hadde eit uvanleg lett hovud
og eit ljost sinn, og det hjelpte honom over alt.
Det han som gamal mann skreiv um seg sjølv,
står i samsvar med det vi kjenner frå arbeidet
hans:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free