- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
57

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

CHRISTOPHER BRUUN


1839—1920.



Når eg tenkjer på Chr. Bruun, kjem alltid det
biletet fram som feste seg i minnet fyrste
gongen eg såg og høyrde honom: Skulestova på
Vonheim i Gausdal, høgt under taket, ope heilt
til mønet som i dei gamle norske bjelkehallene,
eit stort langbord midt på golvet, rundt veggene
faste langbenker og ein benk på kvar side av
bordet. Ein liten mann med langt, tett, brunt
hår, langt skjegg, ullkrage og grå vadmålsklæde
står ved øvre bordsenden og talar. Han har ingen
ting uppskrive, ikkje ei bok, ikkje ein papirlapp.
Han talar greidt, kvart ordet tydeleg, korte
setningar, den eine tanken bygd på den andre, men
langsamt, tungt. Sume tider stanar han, leitar
etter kva han skal segja, høgre handa trivlar
ustødt etter klokkekjeda. Men det er ikkje
minste uro eller nervøsitet over mannen; han står
der so stød og roleg. Og so kjem det, fast og
tungt. Det er eit foredrag med mange
tankestrek.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free