- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
58

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Åhøyrarane på benkene rundt um sit
dørgande stille, gripne av dei tankane han fører fram.
Eg hadde tenkt å referera alle Bruuns foredrag
som eg fekk høyra, men gløymde det. Ingen
annan heller freista skriva upp noko. Dei berre
lydde etter. Han har eit langt, smalt andlet, som
synest endå lenger med det lange skjegget; ein
kraftig nase går i eitt med ei fast, høg panne,
augo djupe, under sterke bryn. Ein må tenkja
på ein ørn.

Slik måtte ein av dei gamle profetane ha
set ut.

Han står der nede på golvet og talar. Men for
oss på benkene er det som han stod høgt uppe
og tala ned til oss frå ein høgre heim.

Både mannen sjølv, talen hans og måten han
talar på, gjer at ein må fylgja med. Vi visste at
han hadde levt i samhøve med det han lærde,
sett livet inn for ei sak som hadde gripe honom
i ungdomen: Friviljugt vore med i krigen,
seinare reist sin eigen skule for bondeungdomen og
halde ut i arbeidet og havt mange vanskar.

Å få sjå honom, høyra honom, tala med
honom, taka honom i handa — berre det var
høgtid og fest.

Slik er det biletet dei fleste har av mannen i
den tida han var i folkehøgskulen.

Den ungdomen som då høyrde Bruun, gløymer
honom aldri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free