- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
61

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

son budde hjå Wagner og Schrøder på Borchs
kollegium i Kjøpenhamn.

Kva han no skulde slå inn på, visste han ikkje
rett. Prest kunde han ikkje bli, ikkje endå i
allfall, uklår og tvilande som han var i mange
religiøse spursmål. Men no kom noko til som
gjorde, at han sette ut i fleire år med å velja livsyrke.

Bruuns tvo yngre syskin hadde sterke drag
mot kunst og åtte kunstnargivnad, Petter for
biletkunst og Thea for musikk. Båe var veikhelsa,
so mora var redd for dei. Eit upphald i sollandet
Italia kunde kanskje bli til helsebot og berga dei,
og for den unge kandidaten med kunstsans og
sterke historiske interesser vilde det og ha mykje
å segja.

Lina Bruun flutte med heile huslyden til Rom.

Um det fyrste upphaldet der skriv Bruun:–

«Hvad er Rom? Rom er verdenhistoriens by.
Det er sagt, og det med sandhed, at man kan lære
mere historie ved at tænke efter i en time ved
Tiberens bred, end ved at lese i årevis hjemme i
sin stue. Det er som det ikke var Tiber-elvens
bøl-ger, der skyller op i imod dens gader, men selve
«Tidens strøm», menneskeslegtens livsstrøm, som
rinder gjennem den–-»

Og katakombane, der dei fyrste kristne
gøymde seg i striden mot heidenskapen, og Collosseum,
det veldige rundteatret, der so mange kristne
vart kasta for ville dyr! Der fekk han for ålvor

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free