- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
63

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjorde det ikkje. Sjølv gjekk han med
frivil-jugt i krigen og synte seg ogso der som ein mann.
Ein som såg Bruun på post i kuleregnet, skriv
um det soleis: «Han stod der med livbæltet lidt
på skrå og en norsk randsel på ryggen. Men
hans holdning og mine var lige så uanfektet og
mimikløs som sad han hjemme ved sit
skrivebord i den dybeste fred.»

Lina Bruun vart att i Italia med dei andre
tvo, medan Bruun var i Danmark. — Då kom
Henrik Ibsen dit ned og var ofte saman med fru
Bruun og venene hennar, og han gjorde alt han
kunde til å halda modet uppe og trøysta henne.
Ein dag sa Ibsen, at dersom Christopher fall i
krigen, skulde han i eit dikt reisa honom ein
bautastein som skulde verta til skam for heile
det norske folket. Bruun hadde gjort
skyldnaden sin, men dei andre hadde svike. Lina Bruun
svara: «Dersom De gjør det, skal jeg begrave
stenen med mine egne hænder.»

Ho vilde ikkje at sonen skulde ha ære soleis
at det vart til skam for fedrelandet. Ibsen fekk
tårer i augo då, er det sagt.

Krigen slutta med stor usiger for Danmark.
Bruun vart fri 8. aug. 1864 og reiste no til Rom
att. Det er karakteristisk for honom korleis han
reiste. Han tok ikkje postvogn eller tog, men
gjekk tvers gjenom heile Europa til «den evige
stad». Her vart han varmt fagna av venene sine

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free