- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
64

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— og ikkje minst av Henrik Ibsen, som
dekla-mera for honom og priste det store verket hans.
Han hadde stridd for den idéen som so mange
hadde vore uppglødde for. — Ein gong dei tala
um dette, spurde Bruun på den endeframme
måten sin, kvifor Ibsen sjølv ikkje hadde gått i
krigen. «Vi diktere har andre opgaver,» svara
Ibsen stutt. — Bruun syntest ikkje det var so
stort dette å syngja um det som andre burde
gjera og sjølv halda seg undan.

Bruun-huslyden var mykje saman med Ibsen,
som heldt venskapen ved lag heile sitt liv.

Dei tvo syskina til Bruun kunde korkje
Italia-sola eller noko anna berga. Dei døydde båe tvo
av brystsjukdom året etter Bruun kom att frå
krigen. Lina Bruun hadde no berre Christopher
att, som ho alltid sidan fylgde, og heilt ofra seg
for. Dei heldt saman med ein rørande kjærleik.
Ibsengranskarane har synt at diktaren har
mykje frå Bruun og hans idéliv utforma i «Brand»,
utan at ein vel kan segja at Bruun beint fram
har vore modell til presten som heller aldri
vilde slå av på idealet. — Klårare er det med
Thea Bruun, som er modell til Agnes, den
finaste og venaste kvinna i heile den norske
litteraturen. Henne kunde ikkje Ibsen gløyma.
Bilethoggar Runeberg (son til diktaren J. L.
Runeberg) hogg ei byste av henne i marmor. — Ho
kom meir beinveges inn i verdslitteraturen. Det
var um henne Ibsen skreiv det vesle fine diktet:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free