- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
68

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men kvar skulde han taka til?

«Søg dybt ind i Norriges ensomme dale,
der lytter dit fædreneland til din tale,»

hadde Wergeland sagt.

Bruun valde Sel i Gudbrandsdalen, reint
avdal den tida, ei fatig fjellbygd inneklemd millom
høge fjell; sola er burte 13 veker i året.

Det kunde vera mange andre grunnar til at
han slo seg ned her. Han var noko kjend med
dalen fyrr, frå Lillehammer-tida. Sel var den
gongen anneks til Vågå, der presten Krag hadde
havt ein ungdomsskule. Paul Botten Hansen var
frå Sel. Vågå var kjend i litteraturen gjenom
menn som Edvard Storm, Asbjørnsen og
brø-derne Hougen. Og so var Gudbrandsdalen
«da-lenes dab.

Same året som Ibsen gav ut Peer Gynt, der
hendingane i den fyrste tida er lagde til
Gudbrandsdalen, reiste Bruun til Romundgard i Sel
og tok til med folkehøgskule. Det var hausten
1867.

Det gjekk stort ord i dalen då han tok til der.
Han var av storfolk, ein lærd mann som kunde
vorte professor med 2 000 dalar i løn um året,
um han vilde. Men denne folkehøgskulen kunde
han då ikkje tena noko på. Det vart berre
utlegg. Mor hans hadde pengar, so ho hjelpte vel
til. Men kva vilde han med denne skulen?
Ikkje kunde dei verta til noko dei som gjekk her,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free