- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
69

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ingen eksamen; ikkje var det skriveskule, ikkje
lærarskule, ikkje landbruksskule — kven kunde
skyna slikt?

Ein ting skyna no alle likevel: Bruun hadde
vore med i krigen og hjelpt dei små i striden mot
dei store.

Skulen hadde ikkje so stor elevflokken fyrste
året. Men seinare vart det mange.

Når ein bonde den fyrste tida spurde Bruun
um kva dei unge skulde læra på skulen hans,
svara han gjerne: «Vi f rister at lære dem at
tænke over livet.»

Mange hadde vel tenkt over dette fyrr på sin
måte; men Bruun kom med noko nytt, noko som
hadde samanheng med det djupaste i hugen. Det
fylgde ansvar med å leva, det var ikkje berre
utkoma det stod på, sa Bruun. Det var noko
stort å vera eit menneske.

Dei tok til å skyna korleis Bruun kunde orka
stå upp kl. 4—5 um morgonen og gå ute i dalen
millom dei høge, bratte fjella med den blå
vinter-himmelen med dei tallause stjernene over, og sjå
og tenkja på dette til stjernene bleikna um
morgonen. Men ikkje berre det. Ein av elevane hans
skriv: «Og som han kunde tala um fedrelandet
og dei ting — brenna synene sine inn i oss. —
Då vida stova seg ut, vi såg det blåbleike havet
der langt ute og kjende friske saltsmaken i
munnen —, og det gjekk slik roleg manndom gjenom
talen hans at det tok oss reint med makt.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free