- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
70

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var elles ikkje berre tungt ålvor på
skulen. Um kveldane fekk dei syna fram skodespel,
scener både av «Den stundesløse»,
«Fjeldeven-tyret» og meir slikt. «Gamle mor Bruun» hjelpte
til og klædde dei ut, og ålvorsmannen Bruun såg
på når det heile var i stand, lo og gledde seg.
Men dei «vakte» riste på hovudet og tykte det
var rart at ein prestlærd mann kunde samtykkja
i slik gudløyse.

Sjølve skulearbeidet, og den uppgåva han
hadde teke på seg som skulemann, alt det tok Bruun
tungt og ålvorleg nok. Då han hadde halde
folkehøgskule i tvo år, sende han eit brev til
Schrøder og skreiv m. a.: «Den danske skole er
fader til min, og du igjen er den, som nærmest
har fået mig ind på den vei. Enten det var vist
eller galt at jeg gav mig ind på den, så får du
have din del af skylden derfor. Så når jeg
skriver til dig, er det som en krigers melding til
ho-vedkvarteret. Meldingen indløber sent. Tidligere
var jeg bare fuld af mit forbillede, af Danmark,
Kold og dig. Nu begynder skyflokene at dele
sig, så jeg ser, hvor jeg står.»

Bruuns hovudfag var historie (Noregs verds- og
kyrkjehistorie) og frie foredrag. Andre, meir
eksakte fag, let han medlærarane ha.

Hausten 1869 kom Kristofer Janson dit. Han
hadde norsk, geografi og song. Janson meiner at
han for det fyrste ikkje var so lite av eit
vonbrot for Bruun. Då Janson, andre året han var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free