- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
74

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bruun fann snart at her vilde han bli heile
livet. Han kjøpte gard til seg sjølv og jord til
skulen. Den stortenkte og gjæve storbonden Per
Bø gav fritt timber til skulen, som no fekk
namnet Vonheim.

Bruun trulova seg med ei gild bondegjente frå
Øyer, Kari Olsdotter Skard. Då dei skulde gifta
seg i 1872, vart det søkt um å få låna
Øyer-kyrkja. Ein av Bruuns vener, som var prest og
som det ikkje var anna å segja på enn at han
var folkehøgskulevenleg, skulde vigsla. Men
Øyer-presten sa tvert nei. Kyrkja fekk dei
ikkje, og vigsla vart halda heime på Skard. Den
vakre, blide Kari Skard skapte Bruun ein
lukkeleg heim.

Det var ein streng, pietistisk prest i Øyer, men
det var ikkje betre i so måte i Gausdal, som vi
snart skal sjå. Prestane meinte det berre vilde
føra til uro og ulukke alt dette nye som
høgskule-folket for med. Ein kjend prest sa til Bruun ein
gong då han la fram dei nye skuletankane: «Lad
bonden beholde sin bibel og salmebog og uro
ham ikke med dette andre!» — Dette var i
grunnen ei kort og grei form for det mange meinte
um bonden. Det gudelege var prestane sette til å
styra med. Korleis dette skulde vera, hadde dei
høyrt av Johnson og Caspari. «Dette andre»
skulde ein ikkje uroa bonden med. Det greidde
dei embetsmennene som administrasjonen hadde
sett inn kringum i bygdene.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free