- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
75

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I Sel hadde ikkje Bruun so stort mein av
prestane. No vart det verre. Austre og Vestre
Gausdal var då eitt prestegjeld, og dei hadde tvo
prestar, sokneprest Fleischer og kapellan Breien.
Den siste kom ofte i preikene sine med
vendingar som alle tok for å vera åtak på
folkehøgskulen, men so innsveipt i ord og talemåtar og so
sleipt at det var uråd å taka til motmæle. Dette
gjorde Bruun harm. I eit selskap spurde han
beint fram Breien um det var folkehøgskulen og
lærarane der han meinte. Breien vreid seg og gav
eit ugreidt svar. Då såg Bruun fast på presten:
«De Breien, er en mand som ikke tør se folk i
øinene.»

Soknepresten og gamleklokkaren tok det på ein
annan måte.

På skulen var det møte kvar torsdagskveld
med foredrag, song, upplesing og meir slikt. Kven
som vilde, kunde koma. Og folk kom ofte lange
vegar, so skuleroma vart snart for tronge. Det
dei fekk høyra her, vekte tankar og skapte liv.
Bruun bad presten, og klokkaren og, um å koma
og høyra på. Men det var tvert nei; dei skulde
ikkje setja sin fot inn um døra der. Men dei
vilde hindra andre og. Dette grundtvigske
skulestellet var noko som det ikkje kunde koma anna
enn vondt av. Gausdølen Erik Enge, som då var
ein gut i 20-årsalderen og var med på møta,
fortel at det gjorde vondt verre hjå prestefolket at
ein var so ihuga etter å gå på desse torsdags-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free