- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
77

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dal i desse åra. Livet og striden der vart kjent
over heile landet. Dei tok til å tala um
profet-skulen i Gausdal. — «Morgenbladet» skreiv i
1878: «Ved profetskolen i Gausdal, hvor
Vis-Knut i sin tid var den eneste sandsiger, er der
nu en hel flok af store og små profeter. — De
fire store: Bjørnson, den største af dem alle, Chr.
Bruun, Kr. Janson og Frits Hansen, ere bekjendte
over det hele land.»

Bjørnson tala ofte på Vonheim og var mykje
saman med folket der i den fyrste tida. Skulen
vart snart kjend og fekk elevar frå mange
bygder, ogso langt burte ifrå. Men motmennene låg
heller ikkje på latsida. Dei fekk i stand skular
som skulde tevla folkehøgskulane ut. Vedtaka
um amtsskulane skapte vanskar attåt dei som
fyrr var. Bruun og Frits Hansen sende ein
søknad til Stortinget i 1877 um beinveges statstilskot
til folkehøgskulane (dok. nr. 37). Dei segjer der
m. a. at «der med statsmidler var oprettet en fast
konkurranse med de frie folkehøiskoler, de
så-kaldte amtsskoler». Men søknaden førde ikkje til
noko, heller ikkje ein um statstilskot til Arvesen,
Bruun og Ullmann. Då Bruun hadde halde skule
i Gudbrandsdalen i 10 år (kring 400 elevar i alt)
gjorde Kristians Amtsting (Oplands fylkesting)
vedtak um tilskot til Vonheim, men sette slike
vilkår at Bruun ikkje kunde taka i mot noko.
Seinare vart det ein skipnad slik at alle desse
tri fekk tilskot frå fylke og stat.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free