- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
88

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han hadde stor age for det «levende ord». I
vårt land har ingen tala so sterkt um «ordets
høie krefter», som han.

Bruun hadde ein livande sans for all kunst.
Kunst kan ein vel kalla alt manneverk — i ord,
tonar, fargar eller former — når det er soleis at
det ber bod frå tanke- og sjelelivet hjå den som
skapte verket. Det må vera slik at noko av hans
ånd vert overførd til andre.

Kunstsans høyrde til i Bruuns ætt. Bror hans
studera skulptur i Rom og vilde bli bilethoggar,
og systra var på god veg med musikken.

«Det forekom mig,» skreiv Bruun, «som også
jeg bar på planen til et kunstverk, blot til et
ene-ste. Men det vilde jeg også forme uforgjengeligt
som i malm: mit livs kunstverk.»

Han vilde hjelpa andre til å nå noko av det
same, so langt råd var. Han hadde berre ord å
hjelpa seg med, «ord som verden så foragter»,
men meinte som Wergeland, at ord likevel var
«Sandhedens armé og den største magt på jord»,
når dei bar bod frå ånd, hadde ånds-innhald.

Talekunsta er den høgste av alle kunstslag.
Orda har den sterkaste makta, dersom dei vert
borne av kjærleik. Utan denne vert all tale —
kor god ho enn er — «ein ljodande malm og ei
klingande bjølle». — Bruun gløymde aldri dette.
Men forma arbeidde han likevel med, ålvorleg
og, ikkje minst når han skulde tala til bønder
og bondeungdom. «Vi boglærde folk er så umå-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free