- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
91

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

moralske spursmål, brukte han aldri. Han
meinte at dersom dei kort tid baketter kunde fortelja
att det han hadde sagt, vilde det vera vitnemål
um at orda hans ikkje hadde nått inn til det
indre sjelelivet, men vorte liggjande ovanpå lik
kornet som vart sådd på vegen.

Striden um undervisningsmåten galdt ikkje
fag som rekning, landkunna og slikt. Um
upp-læringsmåten her har det ikkje vore større strid
millom folkehøgskulen og dei andre skulane.

Den som skulde bera ein folkehøgskule og ha
fullgod rett til å setja ein slik i gang, han måtte
vera noko av ein såmann. Han måtte eiga noko
av den indre gløden som kunde kveikja og
ver-ma upp i sjelelivet, elles hadde han ikkje noko
å gjera i folkehøgskulen utan som faglærar i
realfag.

«Høiskolelærere vokser ikke på trærne,» svarte
Ullmann ein gong ein, då han i eit brev bad
honom skaffa seg ein som kunde reisa ein
folkehøgskule.

At Bruun fekk mange motstandarar, tok ikkje
so hardt på honom. Han lika å stå i opposisjon,
vilde heller gå mot straumen enn med. Kr.
Janson skreiv i ein revy til ein fest på Vonheim:

<Christopher Bruun med sitt løvefaks
gjeng imot fossen som stridaste laks.»

Men det synte so lite etter arbeidet, tykte han.
Han møtte ei godsleg likesæle for dei beste tan-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free