- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
94

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han skildest utan uvenskap frå Janson då dei
vart usamde i religiøse spursmål. «Det går ikke
at du trekker i den ene enden af tauget og jeg i
den anden,» sa Bruun, «vi må skilles.» Dette
forstod Janson, og det heile gjekk roleg for seg.

So fredeleg gjekk det ikkje med Bjørnson.
Mange hadde sikkert sett store voner til den
hjelpa han kunde gjera folkehøgskulen, og ikkje
minst Bruun. Diktaren på Aulestad var heilt
hugteken av folkelæraren på Vonheim. «Bruun
er den åndelig mægtigste i vort land,» skreiv
B. B. Og Bruun var ikkje mindre trylt av den
livgjevande skalden og gledde seg til kvart møte
med honom.

«Slig er en ung pige til mode, når hun går
mod sin elsker,» sa Bruun at han tenkte, når han
gjekk til møtes med Bjørnson uppe på vegen
millom Vonheim og Aulestad.

Ein annan gong han tala um B. B., sa han:
«Det var en fest at være sammen med ham, som
det var med Wergeland: Man levde aldeles som
i en anden luft. Bjørnson var umiddelbar genial,
men han var ikke så sterk i at overveie.»

Det tok til i strålande solskin, men enda med
toreslag. Venskapen slutta, og det syrgde dei båe
tvo over. «Dette venskab var engang min
stolt-hed,» sa Bruun, «og udgjorde en ikke ringe del
af min jordiske livslykke.»

Det er ikkje bra at vener er heilt like. Då kan
dei so snart verta leide av kvarandre. Men det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free