- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
95

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

er vel verre at dei er for ulike. Dette siste var
tilfelle med desse tvo.

Kven som med mest grunn kunde bruka
Wergelands ord til Ludv. Kr. Dåe: «Ve mig som
ei kan glemme, ve dig som kunde det,» er ikkje
godt å segja. — Dei vart skilde, stod som
motstandarar, men uvener i vanleg meining var dei
ikkje.

Ulike syn på politiske spursmål gjorde
sjølvsagt sitt. Men det hadde likevel mindre å segja
mot det som skilde dei i det religøse.*) At
Bjørnson vende seg burt frå kristendomen, det tok
Bruun tungt. Dei norske kristne og den norske
kyrkja hadde stor skuld i dette, meinte Bruun.
Men han var ikkje den mann som berre vilde
leggja skulda på andre. «Jeg føler trang til,»
skreiv han i 1886, «at skrifte overfor det norske
folk og sige, at den store ulykke som har rammet
det ved Bjørnsons frafald, er en af de største
ulykker i hele dets offentlige liv, og der er jeg
en av de nærmeste medskyldige. Jeg var ikke
den stilling voksen, som Gud hadde givet mig ved
Bjørnsons side. Og jeg var den ikke voksen,
fordi jeg havde ikke været tilstrekkelig tro.»

Når Bruun tala um B. B. var det ikkje berre
med vanleg høgvyrdnad for ein stor mann, men
på ein slik måte at ein skyna kjærleiken låg
under.

Ein sumar i 1890-åra var det eit lærarkursus

*) Meir um dette i Stauri: Folkehøgskulen, side 135—36.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free