- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
98

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

andre og vilde det skulde vera samanheng i liv
og lære. Sjølv synte han det gjenom heile livet.
Heile mannen var ei underleg blanding av hardt
og mildt. Bjørnson har gjeve denne skildringa
av honom lenge etter striden millom dei hadde
teke til.

«Han er en nobel, høilagt mand, en kraftfuld,
dypt rationel vilje, hvis livsluft er opposisjon.
Hans væsens bedste del utfolder sig, når han
står som en mod mange, — når han i store linjer
drager op, hvad han tror er sandt, og lar stå til!
Hans sjæl er et streif av blegt alvor i vor
mid-delmådige dagligdagstid (den religiøse med), af
lyttende elskværdighed i åndslag. Hans opgave
er krig, arvet krig, mod æstetisk letsind og
mate-riel sløvhed til den ene side og mod kongelig
regulert åndsforvirring til den anden.» («Verdens
Gang» 28. okt. 1886.)

Vonheim var stengd for B. B. og det vart
ståande fast. Dette tok han seg nær av og tok til å
arbeida, ikkje berre mot Bruun, men mot skulen
i det heile, det verste ein kunde gjera mot
Bruun: hindra hans livsgjerning. Han kunde
aldri gløyma den uretten han meinte B. B. på denne
måten hadde gjort mot honom. Bjørnson heldt
nok på folkehøgskulen framleis. Men det var
vel likevel som Ingvar Bøhn segjer: «Bjørnson
gik omkring og ligefrem agiterede mod Bruun og
hele skolen, undergravet den i bygden.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free