- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
101

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i min tidligste ungdom mit bedste håb om lykke
her på jorden.»

Kjærleiken til ungdomsdraumen og til bonden
gjorde at han heldt ut, so lenge det berre var råd.
Men det umoglege måtte han og bøygja seg for.
Ein må hugsa på Bruuns stoda her, skal ein
kunna skyna kva det kosta honom å reisa frå
Vonheim. Det som då hende, vann han aldri heilt
over seinare. Ein streng hadde sprunge. Ein
høyrer nok same tonen ogso når han talar og
skriv seinare.

Men alt er veikare og har ikkje same maktn
som fyrr.

So mislukka som han i den fyrste tida kjende
det, var det no ikkje. Han nådde mykje meir
enn han og dei fleste andre då trudde. Dei som
han fekk tak i, kom aldri til å gløyma honom.
Bruun kunde med rette segja det same som
Hjørdis til Sigurd i Ibsens drama: «Så meget er
jeg værd, at har du engang elsket mig, da kan
du aldrig glemme det.»

Han fekk leva so lenge at han såg
folkehøgskulen reisa seg att over heile landet. Ein stor
lut av den ungdomen i Gudbrandsdalen som
søkte til desse skulane, var born av
Vonheims-elevar. Eg gløymer aldri korleis det beint fram
lyste av det vakre, fine, trøytte andletet hans
siste gongen eg tala med honom — han var då
mil-lom 70 og 80 år. Eg helsa frå gamle elevar, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free