- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
102

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fortalde eit og anna av det som dei hadde sagt
um skuletida si.

Vonheims-skulen var nærast tenkt for
Gudbrandsdalen; men han kom til å femna vidare,
utover heile landet og til grannelanda. Der var
svenskar og danskar både på den vanlege
folkehøgskulen og på dei lærarkursa som var der
på-lag kvar sumar frå 1885 og til Vonheim vart
nedlagd. I alt hadde skulen kring 1 100 elevar. Til
dette kjem so alle på lærarkursa, og det vert
mest like so stor ein flokk. Det vert ikkje so
mange elevar årleg samanlikna med det fleire
folkehøgskular hadde seinare. Men det er ikkje
alltid mengda det kjem an på.

Medan han budde i Gausdal, var han på fleire
foredragsferder på Vestlandet og i Danmark og
Sverike. Serleg velkomen var han hjå danskane,
både for arbeidet sitt for folkehøgskulen og for
det han gjorde i 1864. Han fekk den store gleda
i det siste leveåret sitt å sjå at Danmark fekk att
det danske landet i Slesvig. I 1920 fekk han ei
innbjoding dernede frå til å vera med på
sigers-festen og inntoget i den attvunne provinsen. Men
då var han for veik til å taka ut.

I dei 25 åra han var prest i Oslo, tala han på
same måten i kyrkja som han hadde gjort i
folkehøgskulen. Mange andre prestar tok til å
tala onnorleis enn fyrr, på ein meir jamn og
naturleg måte. Biskop Eivind Berggrav segjer at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free