- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
110

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

pult framfor dei og heldt sine foredrag for desse
tri gutane som stova skulde vore full.

Dette såg ikkje ljost ut mot det var fyrste året.
Grunnen til umslaget var pietismen. Ullmann
var grundtvigianar og skulen grundtvigiansk.
Det var nok i den tida.

Utover vinteren kom likevel fleire; etter nyår
var det 17, og då skulen slutta um våren, var det
21. Han flutte då til Landvik ved Grimstad. Ei
nemnd fekk samla pengar og bygde ein
høgskule-heim, «Vigmarken», uppkalla etter Ole Vig. I
1875 vart Ullmann gift med Vilhelmine Eriksen,
dotter åt presten i Løten, og båe tok med store
voner til i den nye heimen.

Men søknaden vart liten her og, so han såg seg
nøydd til å slutta med skulearbeidet i denne
landsluten. — Kva det har kosta honom, ser ein
av eit brev til Ivar Fløistad hausten 1879. «Gud
ved i det hele, hvad der skal blive af dette. Jeg
er nedtrykt og misstemt, pint under min gjæld,
som bestandig trykker mig lige sterkt, som
for-mørker mine dage og tærer på mine kræfter. —
Ja, det var ikke sådan jeg engang tænkte mig
det at være høiskolelærer. Bittert, bittert skuffet
er jeg blevet.»

Han kom til Aust-Agder med tru og varme og
mod, arbeidde der i 6’/2 år, men fekk eit skred
over seg av kulde og fordom og mistru. — «Dog
mandens mod fik skredet ikke krøget.»

Han flutte til Telemark, og der gjekk det betre.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free