- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
115

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sa fru Heuch høgtidsamt og med overtyding til
slutt: «Ja, Ullmann får nok, når han kommer
hinsides.»

«Å, mor, du blir ikke så streng du heller, når
du kommer hinsides,» sa Heuch lognt.

Ullmann er best kjend som politisk agitator,
i tale og skrift. Dei som har freista skriva
«Noregs nyare historie», nemner det store arbeidet
han gjorde i det politiske livet, men dei har
ingen ting å fortel ja um honom som skulemann og
folkelærar. — Dei fleste har difor fått eit uheilt,
ja beint fram usant bilete av Viggo Ullmann.

Han var utan samanlikning den største krafta
vinstrepolitikken i den tida hadde, og ein
arbeidshest som stortingsmann. Men likevel var det
ikkje på det politiske umkvervet han hadde
livs-uppgåva si. Det var berre tilhøva han levde
under, som dreiv honom inn i politikken og heldt
honom der so alt for lenge.

I 1884 — altso midt i verste striden — skreiv
han til ein ven:

«–Det er kun politik, høirepolitik, venstre-

politik, bondepolitik, politik, politik, politik, og
den som sidder midt oppe i alt dette, og ligesom
skal være en av lederne, må skrive et dusin breve
hver postdag landet rundt om høire — venstre,

høire — venstre.–Jeg tænkte virkelig for

alvor på en stund at drage mig ut av alt dette

og vende mig til et stille liv–men jeg har

en god ven, som heder samvittighed, og han tok

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0129.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free