- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
117

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

komma, h-ar, d-ar o.s.b., gjera «slavearbeid» som
han kalla det.

Som Arvesen freista han alltid få elevane til
å skriva naturleg, halda seg til emnet, gjeva
tankane klår form, so dei ikkje kom til å skriva eitt,
når dei tenkte noko heilt anna. Han feste seg
ved det gode dei hadde skrive, men fortalde og
korleis det skulde vera alt det som ikkje stod
der, men som burde ha vore med.

Telemarkingane har sers lett for å gjera vers
og viser, og det kom sjølvsagt fram i stilane både
i folkehøgskulen og lærarskulen. Ein gut hadde
ein gong skrive eit stort dikt som han var sers
kry av, og venta mykje ros for. Han vart nokso
flat då han fekk att stileboka og såg at Ullmann
hadde skrive i margen: «Skal dette være vers?»
Stilrettingstimane gledde mange seg til, andre
gruva seg, men alle visste dei fekk læra mykje.

Hovudfaget hans var historie. Han hadde ei
makelaus evne til å gjeva utsyn over f ram
vokstren hjå dei ymse folk frå ætt til ætt og peika
på dei ideane som har bore framgangen. Ein
kunde tru at dette måtte bli nokso abstrakt, so
det vart uklårt og uskyneleg for unge gutar og
gjenter. Men det verka ikkje slik. Med ei kort
personskildring eller forteljing um ei historisk
hending gav han eit klårt bilete av tida og dei
tidstilhøva han tala um.

I den fyrste høgskuletida var den nordiske
mytologien eit kjært emne for mange lærarar, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free