- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
164

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

164

Folkr: Ii. fig skulen.

skuLeskipnaden, hadde den sjukdom han i lenger tid hadde
lide av, faatt so sterkt tak, at det ikkje lenger var von om
betring. Han venta döden kvar dag og kvar time. Han
sende daa denne helsing til motet. — Han døydde av slag 19de
juli same aar.

Sogndals folkehøgskule.

Denne skulen er den eldste av dei, som no er i gang
og den som har faatt arbeidt mest i fred og difor har kunne
vakse seg fram, naturlegt. jamt og stødt utan store rykk
eller sprang. Skulen, som er grunnlagd av Jakob Sverdrup,
vart, opna 9de januar 1871. Sverdrup var noko i tvil om,
kor ban skulde leggje honom; han tenkte soleis ei stund
paa Nordfjordeid; men det synte seg, at Sogndal i Sogn i
fleire maatar var den mest lugome staden daa. Her var
alt fraa hausten 1870 i gang ein skule for vaksne bondegutar,
som agronom M. Storm hadde teke til med. Storm var
seinare i mange aar styrar av ein jordbruksskule i
Sunnfjord. Det vart gjort ei avtale millom Sverdrup og Storm
om, at dei skulde vere saman om aa faa ein skide for vaksne
bondegutar i stand, og dei begynde daa straks over ny aar
i 71. Men samarbeidet vara ikkje lenge. — „Det viste sig
straks, at vi havde misforstaaet hinanden," segjer M. Storm.

Det var vei heller ikkje so godt aa, faa tak i,
kva det, var Jakob Sverdrup vilde med høgskulen sin i denne
tid. — Han stod utanom den rørsla, som gjekk ut fraa
Sagatun og Vonheim, sa,ag mange og store mistak hjaa dei
danske høgskulane og var ein bestemt motstandar av
Grundtvigs „kirkelige anskuelse". Men paa same tid fann ban den
offentlege skuleskipnad her heime so daarleg, at sjølv Chr,
Braun knapt har uttala ein so streng dom over den og heile
systemet, som Sverdrup gjorde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:30:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free