- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
260

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

•260 Folkehøgskulen.

’arbeidet som sit livs lißgste lukke og velsigning, skulane
skulde bli aandelege brennpunkt for eit vaknande aandsliv i det
svenske folk. Fraa landet og bondelivet skulde ny. frisk
kraft strøyme inn i svensk politik og samfundsliv, den svenske
nation skulde verte blant dei fremste millom dei nye frie
statar i Europa. — At tida no vai’ k-oma til, at noko maatte
gjerast for aa faa landsfolket — som i Sverige likesovel som
i Norge er hovuddelen av nationen — meir med i det
nationale og kulturelle liv, var baade han og mange andre
klaar over. Lovene fraa 1862 og 66 peika mot ei ny tid. —
Men naar spursmaalet var om rnaaten, om dei pædagogiske
grunnsetningar, som ein skulde byggje det nyo
oplysnings-arbeidet paa, daa fekk ein sjaa etter og raadføre seg med
folk som hadde mest røynsle i slike ting og dot var det
danske. Bladstyrar Sohlman sende difor ein av sine
medarbeidarar Dr. O. W. Ålund td Danmark for aa gjere seg
kjend med folkehøgskulen og arbeidet der og skrive brev ti!
„Aftonbladet" om det, han saag og høyrde. Ålund var paa
dei mest kjende skular paa Sjælland og Fyn, bruka auga
og øyra godt og skreiv om det til bladet sit. Serleg var
han opteken av Kristen Kolds skule. Han skreiv om honom,
at han her merkte „den heliga eld, som linnes hos alla
kraftiga naturer, som i ett eller annat hänseende har fört
världen framåt", — Sohlman hadde, samstundes med at han
sende ut Ålund, telegrafera til den danske venen sin Dr.
C. Rosenberg om oplysningar. Han bad dei mest kjende
høgs k ule menn sende brev om skulane, L. Schrøder, Ernst
Trier, Jens Nørregaard og J. la Cour, og alle desse sende
kortare eller lengere brev om skidane og skulearbeidet.

I Stockholm var det eit lag som heitte ,,Nordiska
National forening." I 2 møte her — 5. og 11. december 67
— vart høgskulesaka diskutera. Sohlman las op breva fraa
Danmark og la fram ei plan for ein svensk ,,bondehögskola".
Dr. Alunds brev til „Aftonbladet" gav mykje stof til
diskussion. Millom dei som var med i ordskiftet, var don

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:30:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0270.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free