- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
13

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

13 I Danmark 1880



Dei tok det paa hermanns vis. Det var berre aa gaa paa
og leggja under seg. Det var ikkje spursmaal um aa tapa,
der i garden. Soleis var det med mest annankvar ungdom
eg raaka paa og vart godt kjend med der nede.

Dei tala ikkje mykje um Vaarherre. Men det skyna eg
snart, at dei hadde han i bakhand — baade attanfor og
innanfor seg. Han var solskinsmannen, den rike gode føraren deira,
som hadde skapt deim just til dette, og visste raad mot alle
vanskar — det slo ikkje bomm, naar dei berre heldt ut. Dei
leit paa han trygt og bygde framtidsvonerne sine paa hans
hjelp, det merkte eg seint og tidleg.

Det var som dei hadde funne att vegarne til paradiset —
og hadde det straks framum seg.

Noko var hendt her — det maatte eg sjaa. Kvar hadde
dei denne sterke, ljose trui fraa?

Fraa friskulelærarar, folkehøgskulelærarar, nokre prestar og
bønder her og der — som hadde prøvt aa liva etter dette,
og røynt at det var sant, sa dei.

Men kvar hadde so dei fenge det fraa? Eg grov og spurde.

Fraa Grundtvig og fraa Kold. J a; det var same svaret stødt.

Men dei daa?

Ovanfraa, fraa Gud — vart det sagt. Det hadde straala
ned aat deim, det vart deim gjeve; dette hadde dei sagt sjølve.

»Mig blev det givet at opdage» . . . hadde Grundtvig sagt.

Og Kold hadde sagt:
Grundtvig og jeg er nu de to eneste som paa første haatid
har faaet at vide hvordan en skole for mennesker skal være.»

Her — i skulevegen — vart Kristen Kold nemnd mykje
oftare enn Grundtvig; serleg av bønder og friskulefolk. Og
millom husmenner og smaafolk livde han som eit orakel —
endaa han hadde vore burte i 9 aar. Han døydde 1870.

Kvar eg kom høyrde eg noko um Kristen Kold. Og dei
hermde han ordrett. For det hadde brent seg inn i deim som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free