- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
14

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

14

I Danmark 1880

ei openberring fraa høgare heimar. Det kjendest so sjølvsagt
sant at dei kunde ikkje gløyma det meir.

Som eit stort tre stod han midt i folke-skogen der nede.
Han hadde vove røterne sine burt-igjenom all mark. Og kruna,
ho naadde upp yver all skogen umkring.

Den mannen maatte ha livt sterkt, tenkte eg, som kunde
setja slike merke inn i alle han kom saman med. Eg grov
og spurde; og eg fekk høyra meir og meir.

Daa skreiv eg heim til Kristofer Bruun, at 110 lærde eg
meir av Kristen Kold daud enn av alle hine livande. Han
tok til aa setja merke i meg med.

Ja, alt dei fortalde um denne mannen og hermde etter han

— det var slikt at han lyste og livde i det. Det skar seg inn
so klaart som solskin. Han var ikkje berre ein danske; nei,
ein nordmann; ein kjenning fraa Gudbrandsdalen, ein
Vis-Knut, ein Paal paa Kvennhusheidi, som Garborg fortel um.

Og all tid paa nyo denne same himmelhøge gaata aa
løysa, det same livs-spursmaalet aa svara paa: korleis skal
me liva, so det vert guddoms meining i livet vaart, og korleis
skal me hjelpa borni vaare og ungdomen vaar til det same?

Kristen Kold gav svar paa dette. Heile livet hans var svar.

I skulevegen vart han ein heros, ein rudningsmann, av dei
aller fremste me veit um. Det er ingen vaagnad aa segja at
han er den største pædagog som nordlandi hev fostra.

»Mig blev det givet at opdage den store naturlov for
Aandens virken og forplanteise i menneskelivet,» segjer Grundtvig.
Han var sjaa-aren, meir enn nokon annan — og slengde ut
tanken um folke-høgskulen med ei straalande magt som fraa
ei høgre verd. Her gjekk vegen til ei ny sterk ætt, ikkje ein
klasse-veg aat eit lite faatal, men folke-vegen for alt folket til
folkelukka — og Aanden i ordet var fylgjesveinen. I grunnen
den gamle vegen, som Kristus og apostlarne hadde staka ut

— men no var han tilgrodd med ugras.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free