- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
16

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

16

I Danmark 1880

skapen og papegøyestellet me gjekk og tulla i! Uet var so
hjarta mitt hoppa inne i meg. So stansa han og tok seg ei
klypa snus; det gjorde han, naar han hadde sagt noko som
det gneista av — det skulde faa tid til aa søkkja ned. Daa
sat me og stirde inn i dette andlitet: ikkje ei mina, ikkje ei
rukka brigde seg — det var som marmor. Men augo, desse
blaae klaare augo, dei bokstaveleg skaut straalar ut. Det
laag ei forfælande magt, ja ein yvermenneskjeleg styrkje i
desse augneblinkarne hans. Dette var livskraft, til gagn for
folket, av rette slaget! Eg hev aldri høyrt eller set maken
til menneskje.

Ved kista hans sa eg: »Aldri møtte eg ein mann som
hadde ei tryggare tru paa sitt kall, eit fastare grep paa sitt
arbeid og ei sterkare vissa um siger. Det ordet skal staa fast!»

- I den frie barneskulen og den frie folkehøgskulen skulde
Kold arbeida — hjelpa heimen og kyrkja med aa ala upp ei
ny ætt som gjekk kongsvegen med gleda. Det var hans kall.
Og her vart han reformator.

Grundtvig er far aat folkehøgskularne, segjer me. Og det
ordet er sant. Men det rømer berre halvparten.

Er Grundtvig far aat folkehøgskulen, so er Kristen Kokl
sanneleg mor — den som fødde guten aat verdi, ög ol han,
gjenom fatigdom og naud, fram til det han vart. Utan Kold
veit me ikkje kor det hadde gjenge.

Utan Grundtvig hadde me kanskje ikkje fenge ein
folkehøgskule. Men utan Kold hadde han aldri vorte til det han
vart. Han vilde i vissa aldri kome ned til smaafolket og fenge
slik magt til aa umskapa folkelivet som han no fekk.

Helst vilde han vel glide ut til ein kunnskaps-skule, ein
klasse-skule aat storfolket. Det er de?i vegen det plar gaa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free