- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
19

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Paa folkemøte i hovudstaden

19

So stod Kold paa talarstolen.

Ein liten mager mann — endefram i klæde og lag, mest
som ein bonde aa sjaa til. Andlitet var fint, reinskore og
sterkt; men ikkje hardt, det var heller mildt. Og eit par blaae
faste augo som saag ned yver folkehavet — det var som han
tok maal. Augo var det gildaste ved heile karen.

Der nede fremst imot sat enkje-dronningi Karoline Amalie
med hovfolk og tenarar. So prestar og lærarar, so bønder og
arbeidsfolk — sal og hjellar var fulle av folk.

Alle augo stirde upp. Var denne vesle mannen den
Kristen Kold — som det gjekk so mange slags rare og store
ord um! Han bar det no sanneleg ikkje utanpaa seg! Ein
oskeladd saag det ut til aa vera. Men so roleg og trygg som
han stod der — og gav seg slik tid. No tok han til aa tala.1

Ein som høyrde paa segjer:2

»Kold hadde vel ikkje tala ti ord fyrr heile salen lydde
paa. Morosamt tok han i veg, og jamt og trygt gjekk det.
Grundtvig gnika henderne og smilte, og Ernst Trier log høgt,
so me høyrde han. Men dette rolege faste maalet steig paa,
og kom med meir og meir magt, og desse sterke klaare augo,
dei trylte oss fast — og denne vesle mannen voks og voks
— so til slutt fanst det mest ikkje anna, korkje for augo
eller øyro, enn Kristen Kold— han fyllte romet med sin
meg-tuge aand. Men stillfærleg, stilt, utan minste braak — han
stod roleg og fortalde.»

»No hev de alle saman høyrt at eg skal tala,» sa han.
»Og de hev høyrt at eg fekk emne uppsett, som eg skal
tala um.

»Um eg no kann dette — det er ein ting. Men um eg
kann her — det er ein heilt annan ting; for eg er ikkje heime.

1 Denne talen, som maa ha vart imot eit par timar, vart uppteken med
snarskrift. Klaus Berntsen hev han i »Minnekransen» sin.

2 Tyge Hansen, bonde paa Fyn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free