- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
22

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22

I barneheimen

»Ho var den fyrste — segjer Kold — som tok til aa loysa
ut noko av det som budde i meg, og hjelpa meg fram paa
vegen til aa verta lærar; og det gjorde ho utan at ho visste
um det. Ho var eit hovud høgre enn dei fleste der i byen,
baade med aand og hand. Men ho hadde mykje aa gjera;
for me var fatige fraa fyrst av. Berre lite um senn arbeidde
me oss upp til det folk kallar velstand.

»Naar daa me borni skulde leika oss, og me ikkje hadde
noko aa leika med, so laante ho oss fingerbjøri si, og so laga
me ostar av sand; dette heldt me paa med so lenge til det
ikkje var moro lenger. So var det ein eller annan — og det
var ofte eg — som hadde gaman av aa slaa ostarne aat dei
andre yver ende. Daa kom ho mor ofte og gav meg ein
øyredask og sa: Du er ein stygg gut! Men det hende og
ofte at ho sa: Kom born, skal eg fortelja dykk ei soga. Og
det var dette siste som hjelpte meg fram, so eg kunde verta
lærar. For stødt naar ho hadde fortalt ei slik soga, vart me
glade, og tok til aa leika att — og tok til aa byggja upp i
staden for aa riva ned. Den gongen kunde eg ikkje skyna,
at eit lite eventyr um Store-Per og Vesle-Per, eller kva det
var, hadde slik ei magt til aa gjera oss snilde og glade.

»Lite um senn kom eg sidan til aa skyna denne løyndomen:
at ordet paa tunga vaar eig denne magti yver born. Fyrst
hadde eg kjent det paa meg sjølv, naar ho mor sa eller
fortalde noko som gjekk oss til hjarta. Men no var det um aa
gjera, um ordet mitt og kunde gjera folk snilde og glade og
lukkelege —• ja um eg aatte dei rette ordi som skulde til.
Gjorde eg berre det, so kunde eg straks taka til aa uppliva
og upplysa. Og daa fekk det syna seg lite um senn kor
upp-lyste me vart, baade eg som tala og dei som skulde lyda paa.»

Ein dag fekk han sjaa og høyra Agerbek paa skulen. Daa
vart han so glad og moda, at han sa til mor si straks han
kom heim: »No vil eg vitja presten; fær eg lov?»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free