- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
23

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

23 I barneheimen



»Nei — sa ho — det er ikkje verdt; kva vil du honom?»

»Eg vil tala ved han.»

»Men kva vil du daa segja naar du kjem der?» spurde ho.

»Eg vil segja at eg vil tala ved presten.» Og guten gnog
paa, so han maatte faa lov.

»Daa eg gjekk dit, so hadde eg nettupp den same kjensla
for bringa, som daa eg kom hit upp og skulde inn i salarne
her i dag,» segjer Kold i talen sin, yver fyrti aar etterpaa.

»Eg kom inn i gangen og saag mange dører, og visste
ikkje kva for ei eg skulde banka paa — eg var rædd eg
skulde banka paa den galne. So kom eg inn i eit tomt rom
og fann ikkje folk. No kunde eg ikkje gaa ut att — for so
maatte dei tru det var ein tjuv. Daa banka eg paa ei dør til;
og no gjekk det so godt at Agerbek sjølv kom og let upp.

»Men det som var endaa meir: Agerbek var den fyrste
av oss tvo som tok til aa tala. Det maa me vaksne stødt
gjera naar det kjem born. For det var fælt kor den tanken
pinte meg, at eg skulde tala fyrst.

»»Eg saag deg i skulen,» sa Agerbek. Og so spurde han
meg. korleis mor mi livde og um sume andre ting, og paa
alt dette kunde eg svara. So gav han meg fire bøker som
eg skulde faa eiga. Eg vart so glad av den stundi eg var
hjaa Agerbek, so eg er glad for det den dag i dag. Han
fortalde nok ikkje eventyr, men han sa likevel noko som gjekk
meg til hjarta og gjorde meg glad. Og det var just ikkje
til kvar dag ein fekk høyra noko slikt paa skulen i den tid.»1

1 Her kann me sjaa korleis eit godt menneskje verkar paa born.
Bokskrivaren kann nemna eit døme til fraa denne presten; ei fru Konradine Schønau
Brun hev fortalt det. Daa ho voks upp paa Kjølby gard, kom Hans Agerbek
dit ein gong paa vitjing. Og ho kunde aldri sidan gløyma dette gode kjærlege
andlitet, kor gamall ho vart. Det var som ein ljos, varm sumar baade andlit
og tale, tykte ho — og vart sidan til det beste barndomsminne ho aatte. —
Foreldie og lærarar og lærarinnor kann leggja vel merke til dette. Lat oss
snu det um og spørja oss sjølve: "Korleis verkar eit surt, hardt, kaldt andlit
paa borni vaare?»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free