- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
28

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

28

Ein skulemeister paa fjortande aaret

»Men dette hjelpte ikkje her. Og det som verre var:
mange av borni var mykje større enn eg.

»Daa fall det meg inn at eg skulde halda ein tala. Og
det var den fyrste talen eg hev halde. Eg sa baade til borni
og foreldri og alle som var samla:

»De er mykje større enn eg; og gjeng det ut paa aa
slaast, so kann de banka meg. Men eg er ikkje tenkt paa
aa banka dykk, og daa vonar eg at de heller ikkje vil banka
meg. Men snart skal de faa sjaa at eg er klokare — det var
og sant — og soframt no de er kloke, so vil de freista aa
læra noko av meg.»

Dette var eit ord i rette tid, tykte bønderne. Alle andlit
klaarna — og so kunde Kold til aa halda skule.

No heldt guten skule for born som var større enn han og
mest like gamle. Fraa denne tid fortel han eit lite hende,
som syner kor fint skyn sume av desse bønderne hadde.

Han skulde ikkje faa lov aa leika seg med skuleborni sine;
for so miste han vyrdnaden. Slik var skulen i dei tider. Men
naturi vart sterkare enn skulemeisteren, og ein dag i
middags-stundi dreiv han ute og »kasta kjil» med deim. Beint
framfor deim laag det ein gard. Kold var kjend der. I den stova
med syntest han at soli skjein klaarare enn andre stader.
»For den gongen kunde eg endaa gjera skilnad paa det,»
segjer han. — Bonden stod i porten og saag paa deim ei
stund, so kom han. Kold tenkte: »No fær eg skjenn;» og
han slutta straks med leiken. Men mannen sa berre:
»Kristen, vil du ikkje fylgja med meg heim.» Og det gjorde
Kold straks.

Daa dei kom inn i stova, so sette han seg ved
høgbords-enden og bad Kold setja seg paa langbenken ved sida. »No
kjem det,» tenkte Kold. Men mannen sa endaa ingen ting
til Kold; han bad berre kona si koma med tvo koppar kaffi-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free