- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
35

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Paa lærarskulen

35

Og no stod det klaart for han, kva han vilde og skulde
her i verdi; han vilde gjera alle menneskje glade med den
bodskapen at Gud elskar oss i Jesus Kristus, endaa me er
syndarar. No vilde han gaa lærarskulen igjenom til endes.
For no baade skyna han og hugsa, og kunde gjera greida
for alt dei sa og fortalde. Han las ikkje mykje i denne tid,
men han høyrde godt etter.

No vart det tvo rike aar for Kristen Kold; i vissa det
siste. Algren tok seg av honom som ein far og ein bror.
Han fekk guten upp paa romet sitt, saman med fleire slike
ungdomar — las aat deim, bad med deim og song. Dei las
bibelen, »Nordisk kirketidende», Grundtvigs sundagsbok; og
dei samtala til langt paa kveld um dette nye livet som hadde
opna seg for deim.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free