- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
37

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Paa elskhugs veg

37

Ei helg han skulde heim til foreldri sine i Thisted, daa
var ho med. Og det gode gamle skomakarhuset ljoma av
felespel. Dei sette det mest paa ende. Kold spela den eine
slaatten fyre og hin etter, og systerne og ho Else dansa.

Men no paa slutten hadde ho kome i tvil. Kold var
vorten «.vakt», og ho fekk høyra mykje rart um guten sin
som ho aldri hadde tenkt. Det gjekk det ordet at han skulde
ha vore uppe hjaa sjølve amtmannen i Thisted og sagt at
han var ugudeleg og maatte umvenda seg. Det og vart
fortalt, at han hadde vore nede i fjøra hjaa fiskarane og sagt
at no kunde dei berre leggja utpaa med garni — fisk skulde
dei faa so mykje dei vilde ha. Dette var 110 vel ei skrøna.
Men visst var det, at han hadde gjenge berrføtt, like fraa
lærarskulen og heim aat Thisted, til aa likna apostlarne, og
at smaagutarne hadde kasta smaastein paa han daa han for
etter gata.

Ho syntest at det tok galne vegen med den væne guten
sin. Og minst av alt saag det ut til at han kunde faa eit
stort og godt lærarembætte, so som ho hadde drøymt um.

No kom ho og vilde tala ved han. Og ei heil natt gjekk
dei rundt og rundt ein rugaaker og tala. Ho tigga og bad,
at han maatte slutta med desse rare tankarne og vera han
som andre skikkelege folk. »Utan det so kann ikkje eg ha
deg,» sa ho. »For slik som du kann aldri eg verta.» Men
han svara at det kunde han ikkje og det vilde han ikkje.
So gjorde ho det um inkje. Dei gret saart baae.

Kold syrgde hardt. Men naar han var saman med
ungdom og glade folk, »tvinga han seg» og var mest kaatare enn
fyrr. Straks han var ferdig paa lærarskulen, kom han yver til
prestegarden i Solbjørg og vart huslærar. Daa var det berre
»ho vesle Maren», ei iktbroti gjenta, som rettugt fekk vita
kor tungt han tok det; aat henne trudde han seg. Men til
dei andre spøkte han. Stundom song han beint fram den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free