- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
41

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Millom »vakte» paa Mors

41

er meir og meir den som fører ordet. Han er som hovding;
han stod ved bordsenden og heldt lange talar og bad bøner.
Og fire og fyrti aar etterpaa (i 1881) kunde »Gamle Ane»
fortelja um den eldfulle ungguten med det bleike andlitet og
dei brennande augo. Han hadde brent seg inn i ho, so ho
gløymde han aldri. Og ho kunde endaa høyra omen av salmen
der ute i sumarkvelden naar dei skildest:

»Hvor er det godt at lande

i himlens høie havn.»

*



Men ein ting var ikkje godt, i desse tider. Slike gudelege
samlingar var forbodne av statsmagterne; og prestarne hata
deim som pesten.

»Guds ord var dyrt.» Men det hadde vore endaa dyrare
for ein mannsalder sidan.

Daa hadde mest alle kyrkjor vore utan kristendom; berre
ein og annan presten sat att der med heil full tru, liksom ein
eldgamall arv. Og no hadde aandløysa vunne seg ned i folket
og laag som ei mara yver alt friskt liv. Dei greidde godt
dette livet, tykte dei, utan den gamle yvertrui, naar dei berre
fekk noko kunnskap. Det var det som hadde vanta. Jesus
hadde ikkje vore so verst for si tid; og han var paa ein
maate den likaste me hadde endaa — ja mangt han hadde
sagt kunde me gjerne kalla gullkorn den dag i dag — naar
me berre la det ut rett. Men det var ikkje kvar manns sak;
og difor hadde me daa prestar. Desse mirakel-truerne, som
dei gamle hadde sete so faste i — so til og med Jesus maatte
lempa seg etter deim — var me daa gudskjelov endeleg
ferdige med.

»Hvorfor er Herrens ord forsvundet af Herrens hus?»
spurde Grundtvig i ei offentleg preika. For den preika laut
han staa skryfte.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free