- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
43

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Millom »vakte» paa Mors

43

svært pietistisk,» segjer han; »eg hadde ikkje greida paa stort
meir enn at Gud elskar oss. Men hovudsaki var, at eg hadde
kjent at ordet er stormagti i verdi. Eg hadde kjendt det paa
meg naar andre tala, og eg merkte at andre kjende det paa
seg naar eg tala. Og denne magt skulde og vilde eg tena.»

I desse tider er det at namnet Danmark stig fram fyrste
gongen so sterkt at det vert livande for honom. Han hadde
fenge fat i Ingemanns sogebøker, og no las han tvo dagar
og tri næter i ein kjøyr »Valdemar Seier» og »Erik Menveds
barndom». Og han er i den sjuande himmel daa han ser at
det danske folket ein gong hadde vore so stort og megtugt
og lukkelegt, og at det hadde vore so godt og fagert aa liva
i gamle Danmark. Dette hadde han aldri visst. Og no var
det daa so ringt og armodslegt alt ihop. Det tok han so
sterkt dette, at han sa til seg sjølv: »Gjev eg aatte dei slags
ord som skal til for aa gjera Danmark stort og sterkt og
lukkelegt!»

Millom desse folki paa Mors var Kold halvtanna aar. So
flutte han der ifraa og aat Sønderjylland. »Og vel var det —
segjer han sidan — for elles hadde eg snart tala og sunge
meg tom.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free