- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
45

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I Sønderjylland

5 1

Her kjem folkehøgskulen aat Kristen Kold som eit lite fræ,
fyrste gongen. Vinteren 1840—41 samla han femtan unge
gutar kvar onsdagkveld fraa 6 til 9 og las høgt aat deim
Ingemanns soge-romanar og tala med deim um dette. Og Jens
Lassen Knudsen — bror til storbonden, og venen aat Kold

— han song med deim og lærde deim tonar.
Dette var noko nytt. Folk berre log.

Men framifraa godt gjekk det med samkomorne. Møtte
gjorde gutarne kvar gong. Kold visste nok korleis han skulde
halda fast paa deim. Han slutta med lesingi nett naar det
hadde spana seg til, so dei berre sat med anden i halsen og
slukte kvart ord. Daa vilde dei tvinga han til aa lesa meir.
Men det lærde dei seg snart av med; han var ikkje aa rikka.
Næste gong skulde dei faa meir.

Dei laut faa lov aa røykja tobak og smaka paa lite øl.
Men ingen stygg tale — og endaa mindre banning! Det var
Kold som styrde samrøda, og han var mann til aa styra ho

— just dit han vilde; her var han ein meister.

I eit storlag av bønder hadde denne »vesle mannen» ein
gong sagt:

»Det er berre tri ting de folk her talar um naar de kjem
saman, skynar eg.»

»Og kva er so det?» spurde dei.

»Det er um uksarne de hadde i fjor — uksarne de hev i
aar — og uksarne de skal ha til aars. Men her skal snart
verta andre ting aa tala um.»
Dei vart rjukande harme.

Reint idherdigt tok han arbeidet! I grannebygdi var det
ein gut han hadde vorte glad i og gjerne vilde faa med i
flokken sin. Guten svara: »Eg skynar ikkje det du les.»
Daa sa Kold: »Detta var fælt aa høyra. Men no skal du
likevel læra aa skyna det. Eg vil koma ut aat deg tvo
kveldar, i vika, og me skal kalla saman dei unge gutarne der, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free