- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
46

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

46

I Sønderjylland 5 1

sjaa um det ikkje skulde vera raad aa læra dykk aa skyna
del.» Og so gjorde han.

Dei fekk »Danske samfunds sange» fraa Kjøpenhamn; dei
song »Danmark deiligst vang og vænge», »Er lyset for de
lærde blot», »Den gamle nattergal i Danevangen» — og det
kom meir og meir liv i unggutarne.

Kold greidde ut denne siste songen i ein tale. Den gamle
nattergal i Danevangen, det var songfuglen og solfuglen aa
alle danskar. »Det er rette føniksfuglen vaar — sa han —
men han tagna og vart forgamall og brende seg sjølv upp
paa baalet — so me vart sitjande utan song og sol og gleda
i mange hundrad aar. Men no stig han or oska — sa han
— ein ny fugl, barnet aat den gamle, ung og sterk, med ein
ny solsong aat vaar tid. Dette er den danske folkeaand, som
var daud, men no straks er vorten livande att.»

Dette vart for mykje aat spottarane.

Det at vaksne folk gjekk ihop til samling og møte utan
salmebok og gudeleg tale — mest berre til aa kaata seg —
fekk so vera. Men naar desse knigtarne attpaa skapte seg
aalvorslege, og tok til aa tala um ein ny aand, som skulde
koma eller kanskje var komen — sjaa daa vart det storløgje.
So kom ein og melde at no hadde han sét »fuglen», han
sveiv yver huset der knigtarne sat; men kva slags fugl dette
var, det laut dei spørja den nye huslæraren um.

Seks og tjuge aar etterpaa stod Kold paa den store stemna
i Kjøpenhamn og kunde segja:

»Det varde ikkje lenge fyrr desse unge gutarne fekk aand;
og vil nokon koma aat dei bygder no, skal han finna
tydelege merke etter det verk og arbeid som den gongen vart
gjort.»

I denne tid gjekk det upp for Kristen Kold, korleis han
skulde halda skule for born so dei fekk retteleg gagn av det.

Borni hadde full rett paa barndomen sin; den hadde dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free