- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
47

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I Sønderjylland

5 1

fenge av Gud. Og barneskulen maatte laga seg etter borni
og tena deim — det var det fyrste han vart viss paa.

Naar han so spurde: Kvar laag den vituge meiningi med
aa senda born paa skule? —kunde det vera dette, aa plugga
i deim nokre stubbar med daud kunnskap, som dei lite skyna
og endaa mindre brydde seg um — til ei slags nista paa livs.
vegen deira naar dei ein gong vart vaksne? —so maatte han
til dette svara nei, og nei paa nytt. Borni skulde ha mat for
dagen, som høvde aat deim, so dei voks; men ikkje nista.
Ho vilde berre mygla.

Det aller fyrste maatte vera dette, at dei vart kveikte til
liv og fekk upp hungeren, so dei gjerne vilde faa vita. Daa
var stundi komi til aa lata deim faa vita. Men berre det dei
hadde fenge hunger etter. Ikkje det dei ikkje brydde seg um;
for det skyna dei ikkje enno.

Og denne kunnskapen maatte borni faa kjenna som ei
gleda, ikkje som ei tung byrd; utan det sat han ikkje fast,
og utan det fekk dei ikkje hunger etter meir.

Tok ein det paa denne maaten, vilde borni veksa av aa
faa vita. Og denne kunnskapen, som dei soleis aatte, vart
eit godt ambod, som dei daa helst skulde taka til aa bruka
straks.

Men den rette og store meiningi med barneskulen maatte
liggja høgre endaa. Borni maatte faa ein slik kveik, at dei
vilde vera tenarar: aat far, mor, Gud, heimen og fedrelandet,
med alle krefter og kunnskapar dei aatte og hadde. Paa
skulen maatte dei faa hug og drift og kraft til dette.
Læraren maatte faa deim til aa tru heilt paa kjærleiken fraa Gud
og ei ljos framtid for fedrelandet -— at han hadde skapt deim
just til eit arbeid for dette; og at han vil hjelpa deim i
arbeidet, til lukka og gleda for deim og. Dei skulde ikkje tru
ringt um seg sjølve.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free