- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
48

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48

I Sønderjylland 5 1

Denne trui maatte verta so livande og sterk at ho dreiv
borni — so dei tok til med dette tenar-arbeidet sitt straks,
det vesle dei kunde, med den magt dei aatte; utan vilde dei
tapa trui att, og daa miste dei drivkrafti. Men tok dei til
straks, skulde dei veksa og faa hug paa meir og meir — og
faa løni, naar dei heldt ut.

Som me ser: det er eit stort maal med strenge krav; alt
skal vera personlegt og livande. Det vert høg himmel yver
denne barneskulen, med varmt solskin og frisk luft — borni
fær kjenna seg frie og glade. Læraren er fyrst og sist eit
livande menneskje med tru; han talar berre av det han trur.
Einast daa kveikjest elden i barnehjarta, og berre i dette
verlaget kann borni veksa seg fram til gagns menneskje for
heimen og fedrelandet. »Den minste grand av sanning hev
her meir verd enn heile lass med skin og paaklistra visdom,»
sa Kold ein gong han tala um borni og skulen for born.

No var han huslærar, og skulde sjølv sjaa til so borni
lærde leksorne utanboks. Og naar det var gjort, tok dei ut
paa leik; dei fiska, siglde, kjøyrde og hadde mykje moro.
Men denne utanboks-lesingi var stødt so hard og kravde so
lang ei tid. Millom borni var det ei liti gjenta som Kold
var so glad i, men ho hadde tungt for seg. Naar dei andre
var ferdige, sat ho att, men dei syntest dei vilde ikkje ut aa
leika fyrr dei fekk ho med. Ho las og gret, og las paa nytt
og gret. »Nettupp soleis hadde eg og gjort, daa eg var liten
— fortel Kold — for eg og hadde tungt for aa læra utanaat
det eg ikkje skyna. Men so sa mor mi aat meg: No skal
du ikkje lesa lenger, for so tygg du det i deg att. Og det
same sa eg til denne vesle gjenta no.

»So var det ein kveld — daa tenkte eg: Skal tru det er
Guds vilje at born skal pinast med slik utanaat-lesing? Nei,
eg kann ikkje skyna det, naar han elskar oss. Og skal no
det, aa læra ei bok utanaat, hjelpa oss til aa elska honom?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free