- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
50

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

50

I Sønderjylland 5 1

So skulde han prøva um dei kunde hugsa det.

»Og til mi store gleda — segjer han — so kunde dei
hugsa det.

»Og til mi store forundring kunde mange fortelja det
ordrett.

»Me vaksne — segjer han — kann ikkje fortelja ordrett;
for me tek alt me høyrer og steller noko paa det — gjer
det um etter oss sjølve. Men borni, dei tek det og gjoymer
det slikt det er, soleis som dei høyrer det og fær det.

»No tenkte eg: No hev "me funne det! No skal alle
danske born faa lærdom paa denne maaten — det er den
beste raadi som finst til aa faa Danmark stort og sterkt og
lukkelegt.

»Men daa sa folk: Det er daa eit fælt hovmod av Kold
aa tenkja slikt. Men det sa dei fordi dei ikkje visste kva
hovmod var; og dei visste heller ikkje kva dette var.».

No heldt han skule, og no gjekk det mest av seg sjolv.

»Det var ein gut — fortel han — ein liten gild kar, som
eg fann ute i hagen ein kveld, han stod under eit tre og
saag upp og sa: Høyr du Abraham, du skal ikkje vera rædd
for aa ofra son din — Vaarherre vil gjeva deg han att, du
fær han med deg heim; det veit eg, for eg hev lese lenger
i boki. Han hadde fenge høyrt so langt um Abraham paa
skulen um morgonen; men straks han kom heim, hadde han
funne boki og vilde sjaa kor det gjekk; og no skulde han
trøysta Abraham med dette.»

Det spurdest fort at Kristen Kold hadde funne upp ein
ny maate aa halda skule paa. Daa han søkte eit
klokkar-embætte, fekk han tvert nei.

Endeleg kom provsten med presten og skulestyret og vilde
halda eksamen.

Provsten heitte Gabriel Kock og var ein ætting av
Brorson; men han hadde ikkje Brorsons ljose og varme tru. Han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free