- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
55

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I Sønderjylland

5 1

Dette er gruveleg fælt. No hev eg til denne tid korne
igjenom verdi med alle mine lyte og veilor; og dei er mange.
Men so skal eg støytast ut for desse tvo einaste ting som er
verde aa nemna hjaa meg: elsken til min Gud og til mitt
fedreland .»

Det var som provsten sokk i kne, daa han høyrde dette.
Men so sa ikkje Kold eit ord meir og gjekk. Og provsten
sa heller ikkje eit ord.

Det kom ei tung tid for Kold no. Han heldt paa og leid
vonbrot. No vilde han fara langt langt burt og gjøyma seg
til han skulde døy — segjer han — anten i urskogarne i
Amerika eller paa eit anna framandt stelle. I Danmark kunde
han ikkje vera. »Naar eg ikkje kunde faa lov til det einaste
eg kunde, so kunde eg ikkje vera til,» segjer han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free