- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
69

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Heimatt til Danmark

69

I Austerrike var han innum Adelsberg-grotta og saag den
— dette velduge eventyr-slottet som »hev gjort seg sjølv»
gjenom tiderne. Inn gjenom berget for han, lenger og lenger,
og saag hall paa hall; han ser sulor og kvelvingar sværare
enn Stefanskyrkja og alle kyrkjor. Og det livde og lyste der
inne i alle himmelens liter, fraa ljos og lampor som
menneskjor hadde kveikt . . .

Um dette fortalde han sidan aat borni og ungdomen. Og
daa var det plent som dei var med og saag alt saman sjølve.

Paa denne ferdi saag han og høyrde mangt, baade vondt
og godt, som han sidan fortalde aat ungdomen.

Ut paa hausten, i september, er han komen aat Jylland.

Hjaa Knud Knudsen i Faarballum stana han no i tri vikor
og kviide ut att. Her fann han gamle vener.

Og her skilde han seg ved handvogni si. Dei skal gjøyma
paa ho der nede enno. Frederik Nygaard og Ludvig
Schrøder hev bilæte av ho i bøkerne sine — ho høyrer til soga
aat friskulen og folkehøgskulen, den vogni.

So tok han vegen upp etter Jylland. Han vilde finna
venerne sine paa Mors, og so heim aat foreldri sine i Thisted.

Denne gongen var Vilhelm Birkedal prest i Sønder-Ome
ute paa heidi. Han stod ein dag i tunet og røykte pipa si.
Daa kjem det ein mann inn gjenom porten. Liten og mager,
men med fint lag — vyrdeleg og gongebyrg — og helsar.
Paa klædi ser han ut til ein handverks-svein. Birkedal nikkar,
og spør kven han er.

»Kristen Kold» — var svaret.

»Ja — kven er so det?»

Mannen stod og tagde ei liti stund.

»Det er Kristen Kold*» segjer han, med vegt paa kvart ord.

»Kvar kjem so De fraa?» spør Birkedal.

»Fraa Smyrna,» segjer mannen, retter seg upp, ser
Birkedal fast inn i augo, og smiler.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free