- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
74

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

74

Soldat — Huslærar 74

Guds vilje med aa vera der lenger. Ikkje kom han med i
nokon krig heller.

I november 1848 tok han heim.

Same hausten finn me Kristen Kold ute paa heidarne i
Jylland. Der var det tri prestar — Kristian Østergaard,
Vilhelm Birkedal og Viktor Bloch — som hadde leigt han til
lærar aat gutarne sine. Alle tri var læresveinar og vener av
Grundtvig. Her kunde daa Kold faa driva skulen sin som han
vilde — baade med tale og forteljing. Og daa det kom til
eksamen um vaaren, synte det seg kva dei hadde lært. Dei
tumla med brøkar og store tal i hovudrekning, og greidde ut
landkunna og soga, og svara slikt, desse gutarne, so prestarne
sat berre og gnika seg i henderne og log.

Her paa prestegarden i Sønder-Felding sette Kold liv og
kveik i alle han kom nær, med sine nye skuletankar.

Xo las han Grundtvigs heimssoga paa nyo, og han vart
endaa meir viss paa at den gamle sjaa-aren hadde sét sant,
i sine dristige storsyner paa manna-ætti. —

Ein maa segja at Danmark vann, i denne krigen i 1848.
Endaa det vart no berre som ei lang vaapenkvild — det synte
seg sidan. Det kom eit 1864 etterpaa; daa tok Tyskland
baade Holstein og Slesvig, og meir til, fraa Danmark. —

Men krigen i 1848 gjorde det han skulde: vekte Danmark.
For no hende det største som kunde henda — tykte Kold.
Folke-aanden vakna — den føniksfuglen han ein gong hadde
tala um — og steig med sin friske song upp yver Danmark
og kveikte livet alle stader. Trolldomen var brosten. Ein
storm av gleda og tru og mod for gjenom folket.

Kold saag no korleis Aanden arbeider i det store, paa eit heilt
folk — det var denne same Aand, som hadde fyllt honom og
gjeve honom ordi i munnen, daa han sat saman med bonde-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free