- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
82

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

82

I prestegarden 82

med svære krusedullar nedst nedpaa. Kold tek boki, ser paa
ho lenge, og so gjev han seg til aa lesa høgt namnet aat
guten, berre namnet; han snur blad etter blad og les. Alle
maatte lyda paa dette. Daa han er ferdig, vender han seg til
guten og segjer turt: Dette maa vera ein mann du sét svært
høgt, sidan du so ofte skriv namnet hans.»

Dei hine kunde ikkje halda laatten; men stakaren raudna
heilt aat haargarden; og han vart god att for finger-klaae
etter den kvelden all sin dag sidan.

Millom Ryslinge-bønderne var Poul Hansen som ein
hovding — klok og byrg og meir framtalande enn dei hine.

Men den nye presten kunde han ikkje vidare med. Han
tala for mykje um aa tru — tykte han -— og alt for lite um
gode gjerningar. Det vart ikkje nokon veg til himmelen av
gode gjerningar — hadde Birkedal sagt.

Ein sundagskveld kom Kold inn i stova der. Poul Hansen
trudde seg aat Kold.

»No vil ikkje presten vaar gjeva oss lov til aa hjelpa eit
fatigt menneskje med ei kanna mjølk lenger,» ropar han.

»Ja — men veit De eitt, Poul Hansen? Det vart no og
alt for godt kjøp aa sleppa inn i himmelen paa,» segjer Kold.

Bonden kom i endaa verre egse. Og no brast det millom
desse tvo og. No vilde han ikkje sjaa Kold innan for si dør
meir, sa han.

Ein annan bonde heitte Kristian Rasmussen; dit kom Kold
av og til. Ein kveld talar dei um aa vera kristne; og so
segjer bonden at han er ein god kristen, han som andre.
»Nei — sa Kold — ein kristen er De ikkje; men De kann
verta det, soframt De vil.»

Det var ingen av Ryslinge-bønderne Kold vart slik ven
med som Fredrik Larsen, og Johanne, kona hans. Ho var
so glad i Birkedal. Sundagsmorgonen stunda ho som et barn
aat kyrkja; daa var det høgtid. «Birkedal, han sit i studer-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free